venleg tilbakeblikk

 

 

Tilbakeblikksbøn

Tilbakeblikksbøn er frå ignatiansk tradisjon. Når dagen er slutt, er dette ein måte å reflektere over dagen og å sjå tilbake på kva ein kjenner på, og sjå etter spor av Gud i livet sitt. Ignatius kalla det "eksamen", og rekna det som den viktigaste bøna. Eg har leitt i ulike utgåver av bøna, og sett det viktigaste innhaldet opp i ei enkel form.